Kilde: www.nhoung.nho.no
Tips til intervjudagen
Det er normalt å vere nervøs før eit intervju. Istaden for å sjå på det som eit intervju – kva med å tenkje at det er ein vanleg samtale der bedrifta vil bli betre kjent med deg?
- Hugs å møte presis på intervjudagen.
- Ta med CV, søknad, vitnemål og attestar.
- Kle deg etter bedrifta si kleskode.
Kjenn deg sjølv
Tenk igjennom korleis du vil presentere deg sjølv. Øv gjerne på intervjusituasjonen i lag med ein venn før jobbintervjuet.
Les deg opp på bedrifta
Kva veit du om oss? Dette er eit spørsmål som ofte blir stilt i eit jobbintervju. Prøv å finne ut så mykje om bedrifta på førehand. Då kan du svare best mogeleg om spørsmålet blir stilt.
Førebu deg på følgjande
Bedrifta vil ofte prøve å få svar på dette i intervjuet.
- Motivasjon – Er du motivert for stillinga?
- Engasjement – Vil du verkeleg ha lærlingplassen? Brenn du for oppgåvene? Er du engasjert utanfor skulen? Frivillige verv?
- Resultat – Har du resultat du kan vise til? (skule/praksisplass)
- Kjemi – Vil du passe inn i bedrifta? Kvifor?