Slik er det å vere superlærling!
Super oppfølging
Som superlærling skal du få super oppfølging igjennom heile læretida.
Dette gjere vi ved å ha faste samtalar med deg. Minimum kvar tredje månad har vi oppfølgingssamtalar med deg og instruktøren i bedrifta du skal jobbe i.
Som lærling får du ein læreplan som beskriv kva du skal lære i læretida. Det er denne som danner grunnlag for arbeidsoppgåvene du får i bedrifta.
I tillegg til desse faste oppfølgingssamtalene føl vi deg opp både på telefon, video eller ved at vi kjem på besøk til deg i bedrifta di
Oppstartssamling: Kompani Nordfjord
Kvar haust samlar vi alle 1.-årslærlingar til oppstartssamling. Over ser du filmen frå samlinga vi hadde i september 2021: Kompani Nordfjord!
Samlinga går over to sosiale og innhaldsrike dagar med varierte aktivitetar, fagleg innhald og overnatting på Firda Kaserne.