HELS PÅ SUPERGJENGEN VÅR!
Hege Bjørlo Sandbakk
Tlf: +47 993 20 908
E-post: hege@noropp.no
Hege er utdanna sjukepleiar og har mange års erfaring som lærar på Helse- og oppvekstfag. Tidlegare har ho mellom anna jobba som sjukepleiar på Haukeland Universitetssjukehus i fleire år.
Ho følgjer saman med Helene opp lærlingane innan helsearbeidarfaget.
Leiv Johnny Endal
Tlf: +47 906 43 814
E-post: endal@noropp.no
Leiv Johnny er superrådgivaren som har bakgrunn frå militæret og som lærar på Eid Vidaregåande Skule. Han har undervist innan både TIP, elektro og Service og Samferdsel.
Leiv Johnny har ansvaret for lærlingane innan industri og teknologifag og salgsfaget.
Helene Mari Maurset
Tlf: +47 414 07 829
E-post: helene@noropp.no
Helene er utdanna kreftsjukepleiar og har ein spennande bakgrunn som blant anna sjukepleiar ved Radiumhospitalet. Ho har også jobba som lærar innan Helse- og oppvekstfaget.
Helene følgjer saman med Hege opp mellom anna lærlingar i Helsearbeidarfaget og Barne&Ungdomsarbeidarfaget.
Kjetil Svarstad
Tlf: +47 909 49 925
E-post: kjetil@noropp.no
Super Kjetil er utdanna elektriker, og har mange års erfaring som lærar ved elektro på vidaregåande skule. Han har tidlegare mellom anna jobba i Eid Elektro og Stryn Energi.
Kjetil har ansvaret for lærlingane innan elektrofaga, og mange av lærlingane innan Bygg&Anlegg.
Siri Anette Honningsvåg
Tlf: +47 900 99 438
E-post: siri@noropp.no
Siri har ein variert bakgrunn der ho mellom anna er utdanna lærar, og har over 15 års erfaring frå superbedrifta vår Ekornes. Siri har mellom anna fagbrev i produksjonsteknikk, og stor erfaring innan robot-teknologi og robotceller.
Saman med Leiv Johnny følgjer Super-Siri opp lærlingane innan industri- og teknologifaga.
Per Helge Helgesen
Tlf: +47 41178682
E-post: perhelge@noropp.no
Per Helge er den nyaste tilveksten i superteamet vårt. Denne blide karen er oppvaksen i Selje, og er utdanna tømrar. Han har lang og variert erfaring innan bygg og anleggsbransjen. I tillegg er han mellom anna troppsjef i heimevernet.
Super Per vil saman Kjetil og Petter Arnt følgje opp lærlingane innan bygg og anleggsteknikk.
SUPERADMINISTRASJON
Kristin Monica Tjugen
Tlf: +47 900 50 092
E-post: kristin@noropp.no
Kristin er vår superadministrator, og har ein spennande og mangfoldig bakgrunn innan ulike roller i næringslivet. I 2021 flytta ho tilbake til Nordfjord etter mange år på Jæren.
Kristin har mellom anna ansvar for mykje av det administrative mot både superlærlingar og superbedrifter. Ho er rett og slett superadministratoren som har kontroll på det meste i Nordfjord Opplæringskontor.
Tom-Øyvind Solheim
Tlf: +47 906 28 383
E-post: solheim@noropp.no
Tom-Øyvind har det overordna ansvaret i opplæringskontoret. Han er utdanna lærar og har lang erfaring frå sal og marknadsføring. I tillegg utdanning innan tømrerfaget.
Tom-Øyvind har ansvar for mellom anna lærlingane innan restaurant og matfag og reiseliv.
Hilde-Kristin Nord
Tlf: +47 481 48 098
E-post: hilde-kristin@noropp.no
Hilde-Kristin er verdas fyrste superfritidssjef. Ho skal ha ansvaret for at lærlingane våre har det best mogeleg på fritida si, og organiserer og planlegg alle aktivitetar for superlærlingane våre.
Hilde-Kristin er utdanna barnevernspedagog og adjunkt. Ho har mellom anna jobba som miljøkoordinator i 18 år på Eid Vidaregåande Skule.
Nordfjord opplæringskontor
Org nr: 916 584 156
Besøksadresse kontor: c/o Stryn vidaregåande skule, Hegrevegen 1, Stryn
Postadresse: PB 158, 6781 Stryn
Epost: hei@noropp.no