Alle som skal operere ei bru- og traverskran i Noreg må ha gyldig kompetansebevis ved å ha gått igjennom dokumentert/sertifisert tryggleiksopplæring. Vårt kurs gjev grunnleggjande tryggleiksopplæring for å handtere bru- og traverskraner (G4). Ein vil i tillegg få stropp og anhukerkurs (G11).
Vi tilbyr kurset til alle våre medlemsbedrifter på førespurnad. Kurset kan haldast der bedrifta held til. Ta kontakt for pris.
Våre superlærlingar som skal handtere bru- og traverskran i jobben sin blir automatisk påmeldt til kurs på tidleg haust det året dei startar som superlærling.