0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

VELKOMMEN TIL  AVSLUTNINGSTUR MED RAFTING!

Torsdag 30. – fredag 31. mai (obligatorisk for alle 2. års ungdomslærlingar)

Læretida går mot slutten og 30.-31. mai er vi klar for avslutningstur! Vi set kursen mot Sjoa og planlegg rafting, grilling og kjekke aktivitetar 🙂 Raftinga er ein fantastisk kjekk aktivitet, og alle kan rafte uansett om du har prøvd rafting før eller ikkje. Det er profesjonelle guidar med mykje erfaring. Turen blir tilpassa gruppa – og dette er i tillegg ein stor naturopplevelse.

Det blir grillbuffet, aktivitetar, bålkos og overnatting i lavvo før vi et frukost saman og set kursen mot Nordfjord igjen. Vi gler oss til ei superkjekk avslutning på læretida!

Påmelding
Turen er obligatorisk for alle 2. års ungdomslærlingar, men vi ber likevel om at du sender inn skjemaet nedanfor slik at vi får samla inn info 🙂

Send inn info til raftingtur Sjoa 30.-31. mai 2024

PAKKELISTE

  • OPPDATERING: Det blir overnatting inne på 6-mannsrom. Der er dyne og pute, men vi må ha med sengetøy. Dersom du tek med sovepose må du ha laken og putetrekk i tillegg.Pakkeliste:
  • Sengesett: Dynetrekk, putetrekk og laken.
  • Badetøy*
  • Ullundertøy*
  • Ullsokkar*
  • 2 badehandkle*
  • Tørt skift (alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå)
  • Varme og gode klede til å vere ute i
  • Vindtett jakke
  • Hue
  • Casual klede
  • Lette klede til type volleyball i fint vær.
  • Joggesko
  • Shorts/t-skjorte – vi håpar på sol 🙂
  • Solbriller
  • Solkrem
  • Drikkeflaske
  • Snacks og brus til eige bruk. (Det er kiosk på området)

*til bruk under våtdrakta
Info fra Go Rafting Sjoa: Av oss får du låne redningsvest, hjelm, våtdrakt og neoprensko. Ta gjerne med egen tynn ullgenser/fleece/superundertrøye, (NB: ikke bomull!) og gjerne superunderbukse / stillongs eller minimum shorts/bikini til å ha under våtdrakta. Husk å ta med tørt skift, alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå! Etter turen er håndkle kjekt å ha.

Om du manglar noko, kan mykje lånast hjå BUA som er lokalisert fleire stader i Nordfjord https://www.bua.io/lane-utstyr
Om du ikkje får tak i utstyr sjølv, ta kontakt med Kristin i Nordfjord opplæringskontor (900 500 92)  så skal vi hjelpe. 

OPPMØTE

Vi har felles avreise frå rutebilstasjonen i Stryn. Felles oppmøte i Stryn for alle er kl 08.45 på Stryn rutebilstasjon. Dette gjeld for alle. Det blir felles avreise frå Stryn kl 09.00.


PROGRAM 

Torsdag 30. juni

08.00 Avreise frå Nordfjordeid (Rutebilstasjonen)

08:25 Avreise Kjøs bru

09.00 Avreise frå Stryn (Rutebilstasjonen) mot Strynefjellet

11.00 Inntil 30 min pause på Lom (vi spanderer kanelsnurr på Bakeriet i Lom)

12.30 Ankomst og innlosjering på 6-mannsrom. Alle fyller ut egenerklæringsskjema før lunsj.

13.00 Lunsj

14.00 Rafting dagstur

19.00 Grillmiddag

Aktivitetar og bålpannekos utover kvelden

Fredag 31. mai

09.00 Frokost

10.30 Utsjekk og avreise

PRAKTISK INFO

  • Alle som skal delta på rafting må før aktivitetsstart signere på en standard ansvarserklæring. Sjå skjema her. Print ut skjema på førehand, signer og send i retur til kristin@noropp.no.
  • Det er skjenkebevilling i leiren og mulighet for å kjøpe øl/vin, og medbrakt alkohol er ikkje tillatt på denne turen.
  • Det skal være ro på soveområdet i tidsrommet 23.00 – 07.00.
  • Om du har meldt inn at du er usikker på om du vil rafte, håpar vi likevel du vil vente til du kjem fram og får info info frå instruktørane før du endeleg bestemmer deg. Det er mulig å ombestemme seg og bli med likevel.
  • Opplæringskontoret er ansvarleg for turen, og vi forventar oppførsel deretter.
  • Oppmøte presis til felles aktivitetar, måltid og transport.
  • Ta ansvar for å inkludere alle, og sørge for at alle skal ha det kjekt på tur.

TRANSPORT

  • Vi samkøyrer i privatbilar og tek kontakt for koordinering. Alle frå Stad og Kinn møter kl 8 på Nordfjordeid rutebilstasjon for felles avgang til Stryn rutebilstasjon. Alle frå Stryn og omegn, samt Gloppen møter 08.45 på Stryn rutebilstasjon. Felles avreise frå Stryn for alle kl 9.
  • Køyrebeskrivelse fra Lom/Skjåk/Stryn: “Kjør Rv 15 til du har igjen ca 6 km til Vågåmo. Sving der til høyre på Fv 51 mot Fagernes, og kjør 20 km til Randsverk. På tettstedet Randsverk svinger du til venstre inn på Fv 257. Derfra er det 24 km ned til oss, vi ligger på venstre side av veien”.
  • Adresse: Go Rafting Sjoa AS, Heidalsvegen 829, 2677 Nedre Heidal