NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR ER KLARE FOR NY RUNDE I ERASMUS+PROSJEKTET VÅRT!
Fornøgde lærlingar i ulike fag har allereie komne heim frå både Kroatia, Tyskland, Finland og Danmark????
Dersom du som superlærling har lyst på eit utanlandsopphald i tre veker og jobbe innan ditt fag, sjå her!
Denne gongen har vi totalt 8 læreplassar som er fordelt slik:
- Kroatia: for 2 helsefaglærlingar og 2 BUA-lærlingar.
I vakre Split får du som helsefaglærling jobbe i ein privat omsorgsinstitusjon driven av ein familie. Der er ca. 20 bebuarar og den ligg fint til ved sjøen. Som BUA-lærling får du jobbe i ein barnehage der borna lærer engelsk og du blir godt ivaretatt av Anna som er styrar.
Bustaden er eit lite gjestehus midt i sentrum med felles bad og kjøken, terrasse og 2-mannsrom.
- Tyskland: for totalt 4 lærlingar innan industri og automasjon.
I koselege Münster, Tysklands sykkelhovudstad, får du jobbe i ei produksjonsbedrift innan ulike deler av faget ditt.
Bustaden er i eit større gjestehus med 1-mannsrom og eige bad.
Tidspunkt for opphaldet: 22. april til 10. mai 2024
Lengd: 21 dagar.
Målet er auka kunnskap og forståing innan ditt fag, auke forståing for ulike kulturar og internasjonalt arbeidsliv, samt auke motivasjon i læretida og sjå moglegheiter i faget ditt.
Reise og opphald vert dekt gjennom midlar frå Erasmus+. Ein følgjeperson vert med i starten av opphaldet.
Send oss ein søknad der du skriv litt om det sjølv, kvifor du har lyst å reise, kvifor vi skal velje ut nettopp deg til det, arbeidsoppgåver du jobbar med som lærling og evt. jobberfaring. Kriteria vi ser etter er:
- Motivasjon
- Interesse
- Fagleg utvikling
- Personleg utvikling
- Engasjement
- Gode nok engelskkunnskapar
Opphaldet må gjennomførast før evt. fagprøve, sjå tidspunkt for opphaldet.
Send søknad til hilde-kristin@noropp.no. Frist: 10.12.23
Vi ser fram til å tilby eit spennande og utviklande opphald, og gleder oss til å motta søknad frå deg ????