VELKOMEN TIL AKEDAG PÅ HOVEN I LOEN!
TORSDAG 14. MARS (1. års-lærlingar)
Vi ynskjer alle våre 1. års-lærlingar velkomne til akedag på Hoven torsdag 14. mars!
Oppmøte kl 10.45 ved parkeringsplassen ved fjorden. Vi startar turen med å ta gondolbana opp til Hoven. Der blir det anledning til å nyte den fantastiske utsikta og ta ein selfie eller to før vi går i restauranten, og et lunsj saman. Det blir buffet med assortert pizza og valfri brus/vatn.
Deretter vert det eit minikurs i personleg økonomi ved Sparebanken Sogn og Fjordane.
NB! Det er dessverre ikkje nok snø i løypa til at vi får ake ned Noregs lengste akebakke i år 🙁
Vi må difor nøye oss med aking i bakkane ovanfor Hoven og kose oss i dei flotte snøholene i området.
Sjå pakkeliste lenger nede på sida.
Behov for skyss? Vi tek direkte kontakt med dei som har meldt inn behov.
Meld deg på via heimesida: https://www.superlarling.no/2022/02/17/aketur/
Påmelding innan 11. mars. Vi gler oss til ein kjekk dag i lag!
PROGRAM
PROGRAM KL 10.45 – Oppmøte ved Loen Skylift, parkeringsplassen ved fjorden
Kl 11.00 – Vi tek bana opp til Hoven. Her får vi litt tid til å ta bilder og nyte utsikta
Kl 11.45 – Lunsj Kl 12.30 – Kurs i personleg økonomi
Kl 14.00 – Aking og utekos i området rundt Hoven
Ca kl 15.00 – retur med Skyliften
PAKKELISTE
- Gode vinterkle
- Vintersko
- Hanskar/vottar
- Hue
- Skibriller eller solbriller
- Kjelke/akebrett om du har*
- Hjelm om du har*
- Klesbyte i tilfelle du blir våt/kald kan også vere lurt.
LEIGE KJELKE ELLER HJELM?
Kjelke og hjelm kan også leigast på Loen Skylift:
– Kr 200 (enkel kjelke) / 250 (dobbel kjelke) inkludert hjelm.
– Kun hjelm leige kr 50,-
Du betaler sjølv for evt leige av utstyr. Billett til skyliften, samt mat og drikke er dekka av Noropp.
TRANSPORT
Hoven og Loen Skylift ligg i Loen. Her er kartlink. Vi tek direkte kontakt med dei som har meldt inn behov for skyss.