Sirkulasjonssystemet – Anatomi og fysiologi

Sirkulasjonssystemet består av hjertet, blodårer og blod.

Hovudoppgåvene til sirkulasjonssystemet er:

  • Transport av oksygen, næringsstoff og vatn til alle cellene i kroppen.
  • Transport av blodceller, hormon og varme rundt i kroppen
  • Transport av karbondioksid og andre avfallstoff bort frå alle cellene i kroppen

Hjertet  er “motoren” i sirkulasjonssystemet. Når hjertet trekker seg sammen, pumpar det blod ut til kroppen.

Hjertet er ein hul muskel som består av fire kammer – høgre og venstre forkammer (atrie) og høgre og venstre hjertekammer (ventrikkel). Høgre og venstre hjertehalvdel er atskilte av hjerteskilleveggen. Mellom forkammer og ventrikler er det klaffer som sikrar at blodet strømmer kun ein veg. Hjertemuskelen blir forsynt med blod gjennom kransarterier (koronararterier). Det består av eit eget arteriesystem som går ut fra hovudpulsåra og som ligg som ein krans rundt hjertemuskulaturen og forsyner denne med næringsstoff og oksygen.

Blodstraumen i kroppen via hjertet kan i enkle trekk delast opp i det store kretsløpet og det vesle kretsløpet (lungekretsløpet). (sjå fig.)

Det vesle kretsløpet, lungekretsløpet: Består av dei blodårene som fraktar blod fra hjertet til lungene og tilbake til hjertet igjen. Den høgre halvdelen av hjertet mottar blod som er komen tilbake til hjertet fra kroppen og pumpar det vidare til lungene – der karbondioksid blir skilt ut og oksygen tatt opp (sjå Respirasjonssystemet for meir info).

Det store kretsløpet, kroppskretsløpet: Består av alle dei andre blodårene i kroppen. Den venstre halvdelen av hjertet tar i mot blod som kjem fra lungekretsløpet og pumpar det ut til kroppens organer med oksygen og andre stoff til kroppen sine celler. Avfallsstoff og karbondioksid blir transportert tilbake til hjertet.

medan I kroppen har vi ulike typar blodårer arterier, vener og kapillærer. (sjå fig.)

Arterier blir også kalla pulsårer. Desse fører blod fra hjertet ut til ulike delar av kroppen (organ og vev). Arteriene er størst der dei kjem ut fra hjertet – så forgreiner dei seg til mindre og tynnare årer (arterioler). Åreveggen i blodårene består av glatt muskulatur. Muskulaturen regulerer blodstraumen ved at den trekker seg sammen og utvidar seg.

Frå arterioler går blodet over i kapillærar, som er dei minste årene i kroppen. Her er blodåreveggen kun eitt cellelag tjukt, noko som gjer at vatn, gasser og stoff (næringsstoff, avfallsstoff) kan lett passere gjennom celleveggen. Næringsstoff, vatn og oksygen kan på denne måten bli transportert til cellene, medan avfallsstoff og karbondioksid kan takast opp og bli transportert til organ i kroppen som skal dette ut ( feks. lunger, nyrer). Kapillærane ligg tett opp mot alle celler i kroppen –  tar ein alle kapillærene i ein vaksen kropp og legg dei etter kvarandre, vil dei gå to gongar rundt ekvator.

Frå kapillærene går blodet så over i venyler – som er dei minste venene Venene blir samla etterkvart i større og større vener.Venene si oppgåve er å føre blodet tilbake til hjertet. Venene er oppbygde omtrent som arterier (sjå fig.), men muskellaget i åreveggen er ein del tynnare.

Årene som går inn til hjertet er vener, medan dei årene som går ut fra hjertet er arterier.

Blodtrykket i venene er mindre enn i arteriene. Dette kjem at av trykket på blodstraumen fra hjertet blir redusert etter kvart som det blir fordelt i mindre og mindre arterier og til slutt i kapillærene. Når blodet så går over i vener og samlar seg i større årer på veg tilbake til hjertet, er trykket ikkje høgt nok til at blodet lett kan transporterast tilbake til hjertet. Muskel-venepumpa hjelper til med tilbakestrømminga ved at klaffer i årene hindrar blodet i å gå “feil veg” – og muskler rundt årene bidrar til å pumpe blodet tilbake til hjertet (sjå fig.).

Blodet

Blodet består av 60% plasma (vatn, salter,plasmaprotein, antistoff,hormon, fettstoff, aminosyrer, glokose og avfallsstoff) og 40% blodceller.

Blodceller blir danna i beinmargen og blir delt inn i:

Raude blodceller (erytrocytter): inneheld hemoglobin som bind oksygen og transporterar dette til cellene i kroppen.

Kvite blodceller ( leukocytter): som har som hovudoppgåve å beskytte kroppen mot infeksjoner. Dei produserer antistoff som ein del av dette. Nokon typar lymfocytter angrip og øydelegg mikroorganismer, medan andre typar kvite blodceller danner antistoff og hugsar infeksjoner fra tidlegare – slik at ein ikkje blir sjuk dersom ein blir utsett for same type infeksjon seinare (feks vannkopper, meslinger)

Blodplater (trombocytter): er bitar av spesielle celler i den raude beinmargen. Er viktige for å stanse blødninger ved at det levrar seg eller størkner (koagulerer). Dette gjer dei ved at når det oppstår ei skade på ei blodåre, så klumpar blodplatene seg sammen og lagar ein propp i åreveggen.